Introjakthelg på rådyr - Femund Ung
Det har blitt arrangert introjakt på rådyr i regi av Femund Ung for kommende jegere i helga. Per Jørgen Høie har sendt oss en fin oppsummering av helga:
I helga var 5 påmeldte Introjegere klar til å jakte rådyr med Femund JFF på Statsalmenningen i Engerdal. Foreninga har vore heldige med å ha eit Fjellstyre som tenkjer på rekruttering til jakta, som på nytt har gitt oss 2 rådyrløyver å jakte på.
Vi traff kvarandre på fredag kveld innpå hytta oppi Østfjellet til Viltgryte, laus prat og sjekk av gyldig dokumentasjon. Kennet Åhren (Koke Kennet heretter) hadde satt over kaffien i Engerdalssetra da vi kom dit kl 8 og møtte på ALLE dei andre oppsynsjegerane. Stort oppbud i Femund Ung når ein skal sleppe kortbeinte hundar. Roald, Vetle, Thea, Vidar og Per Jørgen stilte frå Femund JFF som oppsynsjegarar. Det hadde kommi litt snø på natta, så vi hadde trua. Vi er så heldige at vi kjenner fleire med drever og basset fauve, så vi fekk med oss Mathea Sætre Skavern og Jonas Berge Moen som hundeførarar.
Kort fortalt frå første dag: Begge hundane fekk los på rådyr i første drevet frå kvar sin kant. Begge rådyra kom også på post og det eine kjeet datt etter eit godt skott av Johannes. Det andre dyret kom til Introjegar Jon (opprinneleg frå Radøy) som gjorde gode vurderingar begge vendene dyret kom. Dyret hoppa over vegen og ut av drevet. Vi kobla Linus og tok sikte på nye liter med kaffi og svidde grillpølser.
Dagen var ikkje slut for sist på dagen gjekk nemnte Jon med hundeførar Jonas. Linus tok ut rådyr, gjorde ein stor sving og kom attende til dei. Spenninga var høg og rådyret var nærme, men eit tre i vegen gjorde at det var hun hundeføraren som hadde reint skotfelt. PANG! Ergo var begge rådyra vi hadde fått frå Fjellstyret. Eit kje og ei geit. 2 dyr, 2 skott! Vi avslutta kvelden med rådyrbiffmiddag frå dyret vi skaut i fjol. Ytrefilet surra i bacon, hjerte i biter og indrefilet såvidt snudd i brunt smør. Fløtegratinerte poteter, koka brokkoli og gulrot, og viltsaus.
Dagen etter reiste vi til Engerdal Grunneierlag kor Tore Omang hadde gitt oss ei løyve på eit kje. Seint på kvelden så gav Marius Lundby oss eit kort på kje/bukk, så da hadde vi pluteslig to dyr i dag og! Vi knalle i veg frå morgonen etter vi hadde vaska oss ut frå hytta. Koke Kennet var på ny på plass og hadde laga plan åt oss. Desverre så var det ingen rådyr inni planen vår, men hunden fann da ein hare å leika med den. Tilslutt så fann vi rådyrspor og hunden fann dyret og det kom ei altfor geitete geit på ein post, men ho skulle vi jo ikkje ha, så ho fekk gå vidare.
Det er utruleg givande og arrangere rekrutteringsjakt når det er ein så stor positivitet frå jaktrettsinnehavere, oppsynsjegarar, påmeldte og andre. Takk spesielt til Mathea som ikkje bare stilte med 7 år gamal hund, ho stilte og med 7 mnd gamal gut i bæremeis. Femund JFF har nominert ho til "Mom of the year".
Takk til alle Oppsynsjegarar. De gjør ein utruleg viktig jobb for at vi skal få kunne jakte i framtida.