Harejakt med Femund JFF og EBUS
Førre veke ringte lærar Erling Sundet Ungdomsansvarleg i Femund JFF og sa "Elevan vil på harejakt. Kan vi få tell nå?". " Lytt sjekke litt". 3 telefonsamtaler etterpå så var tri hundar klare til å stille på fredag 21.november. 11 elevar, 3 hundar med eigare, 2 lærarar. Og 3 harar viste det seg.
Stødige Sundet hadde på førehand delt inn gruppa i 3. Nokon reiste til Kuhølet, nokon til Hovdsetra og nokon til Hovdroa. Nokon elevar hadde vore med på harejakt før og nokon hadde ikkje. Nokon hadde med hagle og andre ikkje. Ingen hadde med rifle for ordens skyld....Nymotens apper er jo greit for snart både høyrde vi losen i lufta og såg raude strekar på skjermen. Alle 3 hadde los! 5 elevar såg haren også der han trippa at og fram på altfor langt hold. Dei fekk iallefall sjå korleis haren gjør for å lure hunden: Han kom roleg ned vegen, snudde, snudde, snudde og så hoppa 4 meter rett til skogs. Der vart det tap, men etter litt assistanse kom haren på beina att. Det vart fyra store varmar og steikt mykje pølse. Ingen hare omkom under denne dagen.
Takk til Jan Egil, Roald og Bent Vidar for at de tar dykk tida til at ungdommen blir kjend med lokal og lågterskel jakt.
Engerdal fjellstyre for takker bilder og ord ført i pennen av Femund JFF v/ Per Jørgen Høie. Og selv om det ikke ble felt hare denne dagen, fikk nok alle kjent på spenningen med hunder i los…