Vellykket introjakt med Femund JFF på rådyr

Helga 20-22. november arrangerte Femund JFF introjakt på rådyr. Gjennom en innholdsrik helg fikk nye jegere verdifull erfaring med rådyrjakt. Med dyktig, engasjerte oppsynsjegere og ikke minst hundene Trine og Bruse, ble det både spennende opplevelser, læring og jaktlykke for deltakerne.

Les rapporten fra en minnerik jakthelg ført i pennen av Per Jørgen Høye nedenfor. 👇

Kva er suksesskriteriane for lykka Introjakt? Ei forening som sett ballen i gang, eit velvillig fjellstyre og dedikerte jegarar om å bidra til rekruttering og vipps: Introjakt med lærdom og ny erfaring. 

Fredagkveld møtte introjegarane opp på Sølenstua Camp og Hytter for taco og ei teoriøkt samt sjekk av dokumentasjon av jegeravgift, treningsskott og betalt jegeravgift. 

5 påmeldte møtte opp i helga og ein vanvittig dedikert gjeng med oppsynsjegarar. I tillegg møtte Trine og Bruse som var hovudindivid i form av drevarar med favoritthobby med å trimme rådyr. Dei fekk dei til begge to og det datt rådyr for dei begge i løpet av helga. Laurdagen starta med at Trine på 10 år fann seg eit rådyr som tura tettere enn ein god harelos inni ei tette. Hundeførar og Introjegar Johannes var ikkje snauare enn at han gjekk inn i den tette losen etter lang los for å skremme dyret på ein av postane, men som vi veit så blir sjeldan slike bønner hørt. Det endte opp med at engerdals minste bukk stilte seg opp og Johannes lot ikkje sjansen gå frå seg. Ingen av gjengen hadde vore med på tettare rådyrlos, så Trine fekk gode skussmål for sitt arbeid. Etter grillølser og kaffi gauv vi på ny fresk, men Bruse kolliderte med ein hare som var veldig interessant. Trine vart henta på nytt og fann nye dyr. Bruse vart henta på eit tap og vi slapp han på nytt i den same fæla som Trine hadde. Desverre så for han baksporet og kolliderte på nytt, men denne venda med tri rådyr som 3 postar såg utan å få smell. 

Sundagen starta med kaffivarme i Engerdalssetra før vi hadde nye rådyrspor å sleppe på. Bruse vart tilslutt slept etter at vi gjekk kring eit åtland åt ein hare. Han tok ut og det gjekk trangt i starten. Magnus satt med Magnus på ein gjev post og kunne etter ei tid melde at det kom "ein skokk med rådyr" forbi dei. Bruse hang på og dei same 4 kom att til Magnus og Magnus, før 2 skilte seg ut og kom på nytt til dei. Etter smellen frå Magnus den yngre var det bare 1 dyr som fortsette. Veldig artig når nokon får skyte sitt første rådyr under Introjakta. Det var eit kje. Bjørnar Johnsen er ein rutinert kar og viste oss korleis han tok ut rådyr for å sleppe hår på kjøtet. Heile gjengen samla seg på fallet og fekk servert steikt rådyrhjerte og kokkaffi.

Tusen takk til alle oppsynsjegar som var med, takk til hundane og takk til Engerdal Fjellstyre for at vi får halde på med dette. 

Forrige
Forrige

Status elg.

Neste
Neste

Sett og skutt